VilVite på Hjul

Dato: Lørdag 13 jan 2018 - torsdag 1 mar 2018 Vis kart

Nytt i vinter! VilVite Senteret frå Bergen kjem til Myrkdalen Hotel i januar, februar og mars med show og utstillinga «VilVite På Hjul».

PROGRAM

Opningshow kl. 15.00:
Har du nokon gong lurt på korleis ein kan laga ei sky? Og korleis kan ein eigentleg vita at ein er ei ekte prinsesse? Under showet får du svaret på dette og mykje meir! Her får du oppleva eksperiment som formidlar naturvitskap på ein annleis og spanande måte. Showet varar ca 15 minutt og inneheld smell og flammer.
Passar best for born frå ca 5 år og oppover.

«VilVite På Hjul» - Mobil utstilling med eksperiment til kl. 18.00:
Etter showet set våre to vertar opp utstillinga, som inneheld tankenøtter, utfordringar og oppgåver som engasjerer heile familien. VilVite har med to vertar som viser og fortel om eksperimenta.
Sjekk kor god reaksjonsevne du har, og test kor godt de kan samarbeida i rakettbygging – og mykje meir!
Tips: Bygg den kjende Da Vinci-brua, og konkurrer om å vinna familiebillettar til VilVite.

Datoar: 13. januar / 22. februar / 1. mars

Show more

Occasions

Date Time Location    
13 Jan
Lørdag 13 jan 2018 15:00 - 18:00 Myrkdalen Hotel
15 Feb
Torsdag 15 feb 2018 15:00 - 18:00 Myrkdalen Hotel
22 Feb
Torsdag 22 feb 2018 15:00 - 18:00 Myrkdalen Hotel
1 Mar
Torsdag 1 mar 2018 15:00 - 18:00 Myrkdalen Hotel

Om denne aktiviteten

  • Prisinformasjon
    GRATIS
Leiligheiter

2. Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

Avstand: 73 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.
Hotell

1. Myrkdalen Hotel

Avstand: 73 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.