Old School Danseshow med Absence Crew

Dato: Lørdag 24 feb 2018 - lørdag 24 feb 2018

Me gjentek suksessen og inviterer til eit forrykande show med norgesmeistrane i breaking!

I dette showet vaknar plutseleg gutane i Absence opp og innser at dei sit på aldersheim, gråhåra og gamle. Dagens viktigaste gjeremål er bingo og ein kopp kaffi. Sjølv om kroppen ikkje er det den ein gong var, tek dei seks breakarane opp kampen mot alderdomen for å halda eitt siste storslått show.

Oldschool er ei førestilling om små gleder og opplevingar, som set livet i perspektiv. Ved hjelp av breaking, humor og ein god dose lårhalsbrekkande akrobatikk, viser Absence at det slettest ikkje treng å vera kjedeleg å bli gamal!
Showet kostar kr 200,- per person.

Show more

Bestill nå

Totalpris