BEIT

Dato: Onsdag 1 nov 2017

Den optimistiske konferansen om teknologi og landbruk.

Noreg er eit frodig og digitalt land. Me har dei smarte småbrukarane. Me har ingeniørane, designerane og gründerane. Landbruket er i endring. Matproduksjonen må bli smart og bærekraftig. Bonden 2.0 vil levera verdi på nye måtar. Modellane i spel. Me må gjera noko anleis. Men kva?

BEIT er meir eit spørsmål enn eit svar. Me vil kopla teknologi og bondevet og sjå kva som skjer. Me trur landbruket, gründermiljøet, byråkratar og forskarar bør møtast, og utforska digitalisering og forretningsmodellar i den grøne framtida. Det blir låge skuldre, interessante diskusjonar og hyggjelege møter. På tallerkenen vert det kortreiste råvarar.

PROGRAM

1: Digitalisering inntek landbruket
Me går frå geit til byte. Frå kveitemjøl til html. Frå jur til javascript. Droner, geografisk sporing, sensorar og robot-teknologi vil transformera landbruket. Men korleis? Ulike teknologi-gründarar deler sine tankar om framtida. Kva skal til for at verda kan nyta godt av norske løysingar?

2: Korleis i granskauen ser fremtida ut?
På 50- og 60-talet vart det planta mykje gran i Noreg. Kvifor? Fordi alle tenkte at framtida var plank og papir. No må me snart hogga ned denne granskogen. Kva då? Me inviterer arkitektar, nisjeleverandørar innan foredling og skogeigarar til å reflektera over framtida for norsk skogbruk.

3: Grøne rebellar og nye modellar
Landbruket er i endring. Det veks fram nye driftskonsept og distribusjonsmodellar. Vertikal dyrking og andelslandbruk flyttar landbruket til byen. Me inviterer nokre av dei som prøver å tenkja anleis.

TIDSPUNKT
Frå: Onsdag 1. november kl 12.00
Til: Torsdag 2. november klokken 14.00

Teknisk arrangør: Netlife
Programansvarleg: Anders Waage Nilsen
Prosjektleiar: Synnøve Hokholt Sagafos

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading