Kraftkampen

Dato: Lørdag 16 sep 2017 - lørdag 16 sep 2017

Under Kraftkampen får du målt styrke og kondis i det fantastiske terrenget i Myrkdalen. Dette er arrangementet for deg som likar å trena og å ufordra deg sjølv!

Du kan enten bli med som individuell deltakar eller på lag med tre personar, der det gjeld å koma seg gjennom ei løype på kortast mogleg tid. Løypa er lagt opp slik at ein skal springa, løfta og koma seg over og under ulike element. Ein må rekna med å bli både andpusten, varm, kald og sliten, men ikkje verre enn at dei aller fleste med normal kondisjon klarar å gjennomføra løypa. Fine premiar!

REGISTRERING
Kl 10.00 - 12.00 på Myrkdalen Hotel

FELLES OPPVARMING
Kl 12.45 med eminente Jenny Lindell frå Mosjonsgutane

KONKURRANSESTART
Kl 13.00

PRISAR
Kr 550,- per person for lag
Kr 600,- per person for individuell

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading