Smak og tonar med Johannessen og Hjeltnes

Dato: Lørdag 18 nov 2017 - lørdag 18 nov 2017 Vis kart

Laurdag 18. november har me gleda av å invitera til ein musikalsk og kulinarisk heilaftan på Myrkdalen Hotel. Det blir eit musikalsk humorshow med pianist og komikar Sjur Hjeltnes og den prisbelønte mesterkokken Ørjan Johannessen lagar 4-rettars middag.

Sjur Hjeltnes er klassisk pianist og seriøs komikar. I sitt heilaftans show tek han fram mikroskopet og ser nærare på livet, døden, kjærleiken og musikken. Utan hemningar pløyer han gjennom musikkhistoria fram til i dag på jakt etter godbitar, gløymde låtar og skjulte skattar. Med musikk, song og kanskje til og med litt dans prøver han å besvara dei store spørsmåla: Kven er me? Kva gjer me her? Kvar skal me? Kvifor får dei som spelar gitar alltid dei beste damene? Om du satt på bakerste pult og sov i musikktimane på skulen, då må du få med deg dette showet! Førestillinga byrjar kl 18.00

Ørjan Johannessen er frå Austevoll i Hordaland og vaks opp på kjøkkenet med kokkeforeldra sine ved Bekkjarvik Gjestgiveri. Han er to gonger kåra til Årets Kokk i Noreg, vann Bocuse d’Or Europe i 2012 og i 2015 vann han Bocuse d’Or i Lyon (VM i kokkekunst). Johannessen er ein allroundar på kjøkkenet med stor sans for lokale råvarer og tradisjonelle rettar med ein ny vri. Han er mykje ute og reiser, og vitjar mange ulike kulturar med eit mål for auga: Inspirasjon!

Drikke til 4-rettars middag er inkludert i prisen. Middagen byrjar kl 20.00

Avgrensa plassar - fyrstemann til mølla.

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    1390 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Hotell

1. Myrkdalen Hotel

Avstand: 113 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Leiligheiter

2. Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

Avstand: 113 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.