Terrengsyklar for utleige

Vis kart

I sommar kan du leiga terrengsyklar frå Myrkdalen Hotel. Syklane er heilt nye 2017 modellar med fulldemping. Det er fire syklar totalt for utleige. Desse kan leigast for ein halv- eller ein heil dag. Aktuelle stader å nytta terrengsykkel i Myrkdalen er grusvegen opp til Vetlebotn, Bygdadalen og grusvegane på Vikafjellet når snøen har smelta. Andre gode alternativ er Bømoen eller Storåsen på Voss. Aldersgrense for å leige sykkel er 10 år. Sykkelhjelm og hanskar er inkludert i prisen.

Tidspunkt for leige:
Halv dag (3 timar totalt): kl. 10.00 og kl. 14.00
Heil dag: kl. 10.00

Prisar:
Halv dag Vaksne frå 17 år : kr 600,- / Born 10 - 16 år : kr 540,-
Heil dag Vaksne frå 17 år : kr 1100/ Born 10 - 16 år : kr 990,-

Show more

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer (booking)
    0047 47471600
  • Prisar frå
    540 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Hotell

1. Myrkdalen Hotel

Avstand: 73 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Leiligheiter

2. Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

Avstand: 73 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.
Hytter

Myrkdalen Fjellandsby - hytter

Avstand: 73 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i hytter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.