Traktorsafari

Dato: Lørdag 14 okt 2017 - lørdag 14 okt 2017

Bli med på traktorsafari og kjekk tur til Mørkvestølen! Me gjentek suksessen frå i fjor og fraktar små og store opp til toppen av Storhaugekspressen med traktor og spesiallaga tilhengar.

Herfrå går turen vidare til fots i enkelt terreng til Mørkvestølen. Ved stølen får alle servert nysteikte lappar og det blir kjekke aktivitetar som til dømes hesteskokasting, pil og boge, balansekunst og meir.

Sjølve turen opp med traktoren til Storhaugekspressen tek ca 1 time. Frå toppen av Storhaugekspressen er det 1,2 km å gå ned dalen til Mørkvestølen. Retur frå Mørkvestølen er ned stølsvegen til hovudvegen, der me blir henta med minibuss og frakta tilbake til hotellet. Stølsvegen er ca 3 kilometer.

Start: No er det berre ledig på traktorsafari med avgang kl 10.00.
Avgrensa plassar: Få plassar att - fyrstemann til mølla!
Pris: Kr 200,- for vaksne og kr 100,- for born 0-15 år

Show more

Bestill nå

Totalpris