Vandrehelg

Dato: Lørdag 9 sep 2017 - søndag 10 sep 2017 Vis kart

I haust kan du bli med på to fantastiske fjellturar i majestetiske Jordalen. Guidar frå Wild Voss tek deg med til Fresvik og Breiskrednosi

Laurdag køyrer me buss inn til Øvstedalen i Jordalen. Herfrå går turen i nydeleg høgfjellsterreng, tett innpå Fresvikbreen . Frå høgaste punkt (1511 moh) går turen nedover Tundalen og Storedalen til den koselege bygda Fresvik. Bussen hentar oss i Fresvik og køyrer tilbake til Myrkdalen Hotel. Turen er ca 15 km lang.

Sundag går turen til spektakulære Breiskrednosi. - 1189 meter over Nærøyfjorden. Den ville naturen og det vakre kulturlandskapet har ført Nærøyfjorden inn på UNESCO si liste over verdsarvområde. Nyt den fantastiske utsikta frå kanten av stupet. Turen går tur/retur frå Breidalen og tek ca 7-8 timar. Transport frå Myrkdalen Hotel - Jordalen tur/retur er inkludert.

Det er mogleg å kjøpa fjelltur begge dagar eller ein av dagane. Transport og guide er inkludert i alle billettane.
Ver merksam på at det kan bli endringar i programmet grunna vèr og andre uforutsette faktorar.

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    400 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Hotell

1. Myrkdalen Hotel

Avstand: 75 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Hytter

Myrkdalen Fjellandsby - hytter

Avstand: 75 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i hytter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.
Leiligheiter

2. Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

Avstand: 75 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.