Flugefiskehelg

Dato: Lørdag 26 aug 2017 - lørdag 26 aug 2017

Helga 26. - 27. august kan du bli med Invild Aurdal og fleire instruktørar frå VM-laget i flugefiske, på kaste- og fiskekurs! Dei gjev deg instruksjon i gode kasteteknikkar og tek deg med på praktisk fiske i elva!

LAURDAG 26. AUGUST

Kl 10.00 - 16.00: Flugekastekurs
Praktisk kasteinstruksjon med innføring i gode kasteteknikkar. Deltakarane blir delt inn i mindre grupper etter nivå og erfaring, slik at ein får godt utbyte av kurset enten ein er nybyrjar eller vidarekomen.

Kl 20.00: 3 rettars festmiddag på Myrkdalen Hotel

SUNDAG 27. AUGUST

Kl 10.00 - 16.00: Praktisk fiske
Sundagen held me oss ved elva heile dagen. Her får alle høve til å setja sin nyerverva kunnskap ut i praksis under kyndig instruksjon. Me ser også på kva ørreten et, kvar han befinn seg i elva m.m

Instruksjon begge dagar, festmiddag og fiskekort er inkludert i prisen. Begrensa plassar - fyrstemann til mølla!

Show more

Bestill nå

Totalpris