Flugefiskehelg

Dato: Lørdag 26 aug 2017 - lørdag 26 aug 2017

Helga 26. - 27. august kan du bli med Ingvild Aurdal og fleire instruktørar frå VM-laget i flugefiske, på kaste- og fiskekurs! Dei gjev deg instruksjon i gode kasteteknikkar og tek deg med på praktisk fiske i elva!

LAURDAG 26. AUGUST

Kl 10.00 - 16.00: Flugekastekurs
Praktisk kasteinstruksjon med innføring i gode kasteteknikkar. Deltakarane blir delt inn i mindre grupper etter nivå og erfaring, slik at ein får godt utbyte av kurset enten ein er nybyrjar eller vidarekomen.

Kl 20.00: 3-rettars festmiddag på Myrkdalen Hotel

SUNDAG 27. AUGUST

Kl 10.00 - 16.00: Praktisk fiske
Sundagen held me oss ved elva heile dagen. Her får alle høve til å setja sin nyerverva kunnskap ut i praksis under kyndig instruksjon. Me ser også på kva ørreten et, kvar han befinn seg i elva m.m

Instruksjon begge dagar, festmiddag og fiskekort er inkludert i prisen. Begrensa plassar - fyrstemann til mølla!

MENY 3-RETTARS FESTMIDDAG

Røykelaks frå Vossalaksen med Pepperotkrem og Sylteagurk
Steikt villkveite med bakte raudbetar, krydra potetpurè, grøn asparges og smørsaus
Sjokoladevariasjon med kirsebær

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    1950 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person