Countryfest

Dato: Lørdag 11 nov 2017 - lørdag 11 nov 2017

Laurdag 11. november inviterer me til Countryfest på Myrkdalen Hotel og me er stolte over å presentera Rotlaus til festen!

Med debutalbumet gjekk sunnmørsbandet Rotlaus rett inn på VG-Lista Topp 10! Går du på ein konsert med Rotlaus kan du forventa deg både fest og moro, med eit band som gjev alt på scena. Bandet har det siste året vore svært etterspurd og dei spelar no over heile landet frå nord til sør.

Låtskrivar og frontfigur i Rotlaus, Bjørn Marius Øyehaug, er for mange kjend frå bandet Vassendgutane. Bjørn Marius var fast ute på turné med dei i fem år og vart den gong kjend for sitt solide trommespill, soloinnslag og koring. Denne erfaringa tok han med seg vidare då han sommaren 2015 starta Rotlaus med Simen Rebbestad,
Bendik Mork Folkestad, Simen Bjørda og Vegard Hansen. No er bandet så og seie fullbooka ut året og er dei ikkje på vegen, så jobbar dei med nye låtar.

Aldersgrense: 18 år

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    300 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person