MyrkLeik Fjellfestival Vinter

Vis kart

Velkomen til den tredje utgåva av MyrkLeik Fjellfestival frå 21. - 23. april. Dette er festivalen for deg som er glad i snø, ski og fjell!

På årets program er blant anna toppturar, fjellskitur, nattrangling med Åsnes, 2-dagar praktisk skredkurs, toppturkurs, kurs innan skiteknikk, frikøyring, skredlære og navigasjon, epokefest, Dagens Video og skileik for born!

For MyrkLeik Fjellfestival Vinter kan du i år kjøpa 5 ulilke pass til festivalen:

1. Festivalpass: Kr 1150
Alle aktivitetar frå 21. - 23. april er inkludert

2. Dagspass Fredag: Kr 500
Alle aktivitetar fredag 21. april er inkludert

3. Nattrangling med Åsnes 21. april: Kr 300
Fredag 21. april kl 18.00 inviterer Åsnes til nattrangling på Finnbunuten. Dette er ein sosial fellestur som alle kan bli med på! På toppen blir det lett servering og drikke før me køyrer ned til Tråfjosen, der nye overraskingar ventar. Gratis transport tilbake til afterski på hotellet.

4. Dagspass Lørdag: Kr 500
Alle aktivitetar lørdag 22. april er inkludert. Vil du vera med på fjellskitur til Jordalen har me eit eige pass for dette til 300 kr per person.

5. Fjellskitur til Jordalen laurdag 22.04: Kr 300
Bli med Voss Utferslag på fjellskitur til majestetiske Jordalen!

6. Dagspass Søndag: Kr 350
Alle aktivitetar søndag 23. april er inkludert

Du melder deg på dei ulike aktivitetane ved å trykkja på denne lenkja:
https://response.questback.com/vossfjellandsby/d8t1lzjfpu

Show more
Hotell

1. Myrkdalen Hotel

Avstand: 75 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Leiligheiter

2. Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

Avstand: 75 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.
Hytter

Myrkdalen Fjellandsby - hytter

Avstand: 75 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i hytter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.