Myrkdalen Barnefestival

Dato: Fredag 23 feb 2018 - lørdag 24 feb 2018

23. – 25. februar 2018 inviterar me for tredje gong til storslått barnefestival med Mikkel og Mikkeline! Dette blir ei drøymehelg full av opplevingar for dei minste. Mikkel og Mikkeline elskar å stå på ski i Myrkdalen og dei kjem til å vera her heile helga!

Karneval, barnedisco, førestilling med Absence Crew, leik i snøen, skirenn, pølsefest og mykje meir står på programmet.

FREDAG 23. FEBRUAR
16.00 – 19.00: Registrering
18.00 – 21.00: Karneval. Mikkel og Mikkeline gler seg til å kome innom karnevalet for å bli med på moroa.

LAURDAG 24. FEBRUAR
11.00 – 14.00: SkiLeik på Torget
11.30: Barnerenn
12.00 – 15.00: Klipp & Lim
16.00: Show og pølsefest med Mikkel og Mikkeline /
19.00: Old School Danseshow med Absence Crew
20.00 – 22.00: Rock & Roll Barnedisco

SUNDAG 25. FEBRUAR
11.00 – 14.00: SkiLeik på Torget
11.30: Barnerenn
12.00 – 15.00: Klipp & Lim

PRISAR FESTIVALPASS FREDAG - SUNDAG
Born: 500 kr
Born under 2 år og vaksne: Gratis
Alle aktivitetane (inkludert Oldschool Danseshow med Absence Crew) på barnefestivalen frå fredag - sundag er inkludert i festivalpasset.

Oldschool Danseshow med Absence Crew
NB - Vaksne som skal fylgja med borna på danseshow med Absence Crew, må kjøpa eigen billett til dette. Eldre born som berre vil sjå showet, men ikkje ta del i resten av festivalen, kan også kjøpa denne billetten. Showet kostar kr 200,- per person og er anbefalt for born over 4 år.

Vel du 23. februar i kalenderen, kan du kjøpa festivalpass, vel du 24. februar får du kjøpt enkeltbilllett til Oldschool Danseshow med Absence Crew.

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading