Familievenleg fjelltur med heistur

Dato: Fredag 21 jul 2017 - fredag 25 aug 2017

Kvar fredag i juli og august kan du bli med på fjelleventyr! Me startar turen med Myrkdalsekspressen som fraktar oss kjapt til 860 moh. med panoramautsikt. Vidare går me ned til Mørkvestølen i forholdsvis enkelt terreng som passar heile familien.

Ved stølane blir det aktivitetar som hesteskokasting, pil og boge og servering av nydelege lappar. Tilbake går me ned til Myrkdalen. Undervegs blir det fortalt soger om livet i Myrkdalen og eventyr til borna.

DETALJAR
Oppmøte i resepsjonen på Myrkdalen Hotel kl 11.00. Anbefalt aldersgrense frå 5 år. Ta med mat, drikke og klede for dagen. Turen avsluttar omlag kl 15.00. Bestilling innan dagen før kl 16.00

Denne turen kan bestillast kvar fredag i Juli og August.

Show more

Bestill nå

Totalpris