Fisketur i båt

Vis kart

Kvar onsdag i juli og august kan du ta med heile familien på fisketur i båt på Opheimsvatnet.

Dette er ein familievenleg aktivitet der ein fiskar etter aure frå båt med oter eller stang. Oter er ei fjøl med line som har ca 10 fluger som går ute i vatnet medan båten med elektrisk motor har passe fart i forhold til vind og bølgjer. Stengene blir brukt samstundes til fiske med floge eller sluk / spinner.

Turen blir avsluttta på land med spanande vikingleikar for heile familien og grilling av dagens fangst med flatbrød inntil.

VIKTIG INFORMASJON
Køyr med eigen bil til Oppheimsvatnet - oppmøte ved båten kl 10.15.

Redningsvestar, fiskestenger og oter er inkludert i prisen. Ta med mat, drikke og varme klede for dagen

Maks seks personar per tur og anbefalt aldersgrense frå 5 år. Bestilling innan dagen før kl 16.00

Show more

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    250 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Leiligheiter

2. Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

Avstand: 9,1 km
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.
Hotell

1. Myrkdalen Hotel

Avstand: 9,1 km
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.