Fiske

Dato: Mandag 15 mai 2017 - tirsdag 31 okt 2017 Vis kart

I Myrkdalen ligg alt til rette for for eit fiske-eventyr!

I Myrkdalsvatnet, som ligg ca 4 km frå Myrkdalen Hotel retning Voss, kan du fiska med stang og oter frå land. I elva som renn inn og ut i Myrkdalsvatnet og i Strandaelva kan du fiska med stang. Elvene ligg nær hovudvegen med mange moglegheiter for parkering langs vegen. Her gjeld Vossakortet fiskekort.

På Vikafjellet kan du fiska med stang og oter i alle elver og vatn. Det er lov å fiska med garn i nokre vatn på Vikafjellet: Vetlevatnet, Svartevatnet, Lars Ola Vatnet og Langavatnet. For Sendedalen, Grøndalen og desse vatna gjeld Myrkdalen Grunneigarlag sitt fiskekort. Vil du fiska andre stader på Vikafjellet treng du Vik Grunneigarlag sitt fiskekort.

Er du ute etter eit fjordeventyr ligg Nærøyfjorden berre ein halvtime unna. I fjorden kan alle fiska fritt utan fiskekort.

Du kan kjøpa fiskekort og kart i resepsjonen på Myrkdalen Hotel. Fiskekorta kan berre betalast kontant (det er ikkje mogeleg å ta ut kontantar på hotellet). Hugs at du alltid må ha med fiskekorta når du fiskar.

Show more

Occasions

Date Time Location    
23 Aug
Onsdag 23 aug 2017 09:00 - 09:00 Myrkdalen Fjellandsby
24 Aug
Torsdag 24 aug 2017 09:00 - 09:00 Myrkdalen Fjellandsby
25 Aug
Fredag 25 aug 2017 09:00 - 09:00 Myrkdalen Fjellandsby
26 Aug
Lørdag 26 aug 2017 09:00 - 09:00 Myrkdalen Fjellandsby

Om denne aktiviteten

  • Prisinformasjon
    Hugs å kjøp fiskekort om du skal fiska i elver eller vatn.
Hytter

Myrkdalen Fjellandsby - hytter

Avstand: 86 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i hytter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.
Leiligheiter

2. Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

Avstand: 86 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.
Hotell

1. Myrkdalen Hotel

Avstand: 86 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.