Voss Klatrepark

Dato: Lørdag 20 mai 2017 - søndag 29 okt 2017 Vis kart

Voss Klatrepark ligg berre 15 min køyring frå Myrkdalen. Parken byr på spanande og utfordrande aktivitetar der ein tek seg frå tre til tre ved hjelp av ulike klatre- og balanse element.

Klatreparken er ope kl 10.00 - 18.00:
I helgene frå 6. mai - 24, juni
Kvar dag frå 24. juni - 3. september
I helgene frå 3. september - 29. oktober (ope kvar dag i haustferien 7. - 15. oktober)

Nokre av elementa er enkle, nokre meir fysiske, nokre veldig høge men felles for dei alle er at dei er veldig artige. Voss Klatrepark består av ei stor og ei lita løype med 55 ulike element og seks taubanar.

Den miste løypa er nærare bakken og er for born under 10 år og for dei som tykkjer at den store løypa blir litt for utfordrande. Før turen startar gjennom løypene får alle korrekt utstyr, klatresele med to karabinkroker og en Tyrolia-trinse. Ein får også god opplæring i bruk av sikkerhetsutstyret før turen byrjar.

Stor løype
Fakta: 2 løyper, 27 element, 2 taubanar, 10 – 12 meter over bakken
Varigheit: 2 timar
Alder: Minimum 10 år
Høgd: Minimum 140 cm
Maks vekt: 130kg

Lita løype
Fakta: 4 løyper, 22 artige element, 4 taubanar, 2-4 meter over bakken
Varigheit: 2 timar
Alder: Ingen aldersgrense
Høgd: Minimum 100cm
Maks vekt: 130kg

Show more

Occasions

Date Time Location    
27 Jul
Torsdag 27 jul 2017 10:00 - 18:00 Voss Klatrepark
28 Jul
Fredag 28 jul 2017 10:00 - 18:00 Voss Klatrepark
29 Jul
Lørdag 29 jul 2017 10:00 - 18:00 Voss Klatrepark
30 Jul
Søndag 30 jul 2017 10:00 - 18:00 Voss Klatrepark

Om denne aktiviteten

Hotell

1. Myrkdalen Hotel

Avstand: 13 km
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Hytter

Myrkdalen Fjellandsby - hytter

Avstand: 13 km
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i hytter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.
Leiligheiter

2. Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

Avstand: 13 km
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.