Sykling

Dato: Torsdag 1 jun 2017 - søndag 1 okt 2017 Vis kart

Myrkdalen og Vikafjellet er ypparleg for sykkelturar, anten på asfalt eller grusveg.

Holo – mot Vikafjellet
Frå Myrkdalen Hotel: ta til venstre nede ved riksvegen, der i frå er det berre å fylgja vegen i ca. 4 km utover mot Vikafjellet. Her er asfalt heile vegen og forholdsvis flatt/svakt oppover. Nydeleg natur og forskjellige dyr på beite.

Vikafjellet
På Vikafjellet er det og plassar som egnar seg bra for sykling. Det går grusveg frå riksvegen og innover til enden av Kvilesteinsvatnet (ca. 13 km ein veg). Det er også flott å sykla innover til Årebotnvatnet (ca. 2,5 km ein veg) og store Muravatnet (ca. 5 km ein veg). På Vikafjellet er det flott høgfjellsnatur og eit rikt dyreliv. Dersom du vil sykla på fjellet køyrer du ut i Holo og vidare opp på Vikafjellet. Grusvegen inn til Kvilesteinsvatnet startar ved Skjerlingavatnet, ca 12-13 km frå Myrkdalen Hotel. Grusvegen inn til Årebotnvatnet og store Muravatnet startar ca. 1 km før tunnelen på Vikafjellet, ca. 20 km frå Myrkdalen Hotel.

Show more

Occasions

Date Time    
27 Jul
Torsdag 27 jul 2017 09:00 - 09:00
28 Jul
Fredag 28 jul 2017 09:00 - 09:00
29 Jul
Lørdag 29 jul 2017 09:00 - 09:00
30 Jul
Søndag 30 jul 2017 09:00 - 09:00
Hotell

1. Myrkdalen Hotel

Avstand: 82 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Leiligheiter

2. Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

Avstand: 82 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.
Hytter

Myrkdalen Fjellandsby - hytter

Avstand: 82 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i hytter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.