3. Myrkdalen Fjellandsby - anna overnatting

Adresse: Klypeteigane, 5713 Vossestrand (Vis veibeskrivelse)
Beliggenhet: Myrkdalen

Hytter | Myrkdalen Fjellandsby tilbyr også overnatting i utradisjonelle einingar. No har du ein unik sjanse til å overnatta i ei gamal løa, omgjeven av historie og vakker natur.

I skogen nedanfor Storhaugekspressen i Myrkdalen ligg Tråfjosen, ein fjøs der kyr på sommarbeite vart samla og mjølka i gamle dagar. Fjøsen har stått tom i over førti år, men no blir den tatt i bruk att - som overnattingsstad for folk.

Innvendig er båsane for kyrne framleis intakte, med fine steinheller til å skilja den eine frå den andre. I sørenden er det installert ein modul der inntil fire personar kan overnatta.

Modulen er utstyrt med enkle senger, japansk- inspirerte matter, to enkle madrasser, stearinlys og kaffikanne . Tråfjosen har ikkje innlagt vatn, straum, matvarer eller kokemoglegheiter,

Nøkkel til Tråfjosen, kart over området og kanner med drikkevatn får du når du sjekkar inn på Myrkdalen Hotel. Ha difor med deg ein stor sekk med plass til drikkevatnet. Ein må ta med eigen sovepose, varme klede og mat. Ein kan også ta med stormkjøkken eller brennar for å laga mat, men av tryggleiksmessige grunnar ber me dykk om å bruka dette utandørs.

Fasiliteter og tjenester

  • Fasiliteter
    24 timars innsjekking

Kontaktinformasjon


Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg å kontakt oss på
tlf 47 47 16 00 eller send ein e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no

Bestill hos oss

  • • Offisiell bookingside for Myrkdalen
  • • Sikker betaling
  • • Ingen bookingavgift
  • • Raskt og enkelt

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg å kontakt oss på
tlf 47 47 16 00 eller send ein e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no

Bestill hos oss

  • • Offisiell bookingside for Myrkdalen
  • • Sikker betaling
  • • Ingen bookingavgift
  • • Raskt og enkelt