Nyheit - Snøekspressen

Nyheit - Snøekspressen

Kategori: Aktivitetar, Aktivitetar Vinter

Kvar laurdag fram til 22. april kan du enkelt koma deg til Flåm med Snøekspressen. Flåm er berre ein time unna og du får fire timer til disposisjon i Flåm før bussen tek deg tilbake til Myrkdalen.

Flåm, inst i Aurlandsfjorden, er ein av Noreg sine mest kjende turistdestinasjonar, og det er ikkje utan grunn. Medan du er i Flåm kan me anbefala ei reise med Flåmsbana, ein av verdas vakraste togreiser. Eller kanskje du ynskjer eit fjord cruise på vakre Nærøyfjorden, på UNESCO si verdarvliste? Eit anna høgdepunkt er utsiktspunktet Stegastein. Utsiktspunktet heng 30 meter ut frå fjellsida, 650 meter over Aurlandsfjorden, og gjev deg panoramautsikt over det vakre fjord- og fjellandskapet.

Bussen tek deg også frå Aurland/Flåm til Myrkdalen. Her har du fem timar til disposisjon før bussen går tilbake til fjorden.

Kontaktinformasjon
Nettside:  https://www.visitflam.com/se-og-gjore1/aktiviteter/snoexpress---buss-mellom-aurland-og-myrkdalen/
Opningstid:  Kvar lørdag til 22. april

Prisinformasjon
Prisar frå:  195 NOK
Prisinformasjon:  Per person