Dagsturar med bil

Dagsturar med bil

Kategori: Aktivitetar, Aktivitetar Sommar

Myrkdalen ligg i hjarta av Fjord Norge og er eit perfekt utgangspunkt for dagsturar i regionen.

Myrkdalen – Stalheim – Gudvangen– Flåm: 125 km tur/retur inkludert Undredal
Besøk eit landskap ulikt alt anna i verda! Dette er ein kort dagstur der ein kan gjera mest ut av kvart stopp. Køyr frå Myrkdalen til Stalheim kor du kan besøkja Stalheim Hotel, vandra til Nåli og sjå folkemuseumet. Turen forsett ned dei 13 hårnålsvingane i Stalheimskleiva, ein av dei brattaste vegane i Nord Europa. Utforsk dei magiske kvite grottene i Gudvangen frå 1.juni til 31.august. Gå ikkje glipp av Nærøyfjorden, køyr inn til Bakka frå Gudvangen, eller køyr inn den smale vegen til Undredal. I Flåm kan du smaka Ægir øl på det lokale bryggeriet som er ope kvar dag frå mai – september.

Myrkdalen – Vik – Balestrand: 118 km tur/retur
Mindre enn 1 time unna Myrkdalen finn ein bygda Vik som mellom anna er kjend for gamalost! Prøv nye variantar av osten på Meieriet Kafe i sentrum. Besøk stavkyrkja Hopperstad og gå den fine turen vidare til steinkyrkja Hove som er ein av dei elste steinbygningane i landet. Forsett reisa til den idylliske tettstaden Balestrand og besøk Kvikne’s hotell som Keisar Wilhelm budde på under sine Noregsopphald.

Myrkdalen – Ulvik – (Eidfjord): 136 km tur/ retur
Køyr til Ulvik, ca 1 time frå Myrkdalen og nyt smaken og synet av Hardanger! Gå siderruta – den einaste av sitt slag i Noreg og prøv lokal eplesaft, eplesider og til og med eplebrennevin. Om du har lyst på ein båttur kan du bli med på Fjord Cruise frå Ulvik til Eidfjord! I Eidfjord har ein ca tre timar før båten går tilbake til Ulvik. Tips: Gå ikkje glipp av bløminga i Hardanger i Mai! Les meir om kva du kan oppleva i Hardanger på www.hardangerfjord.com

Myrkdalen – Jondal – Folgefonna: 232 km tur/ retur
Folgefonna er Noregs tredje største isbre og ligg på Folgefonna halvøya i Hardanger. Køyr frå Myrkdalen til Granvin på Rv13, i Granvin forsett du på Rv7 til Kvanndal. Ta ferja til Utne og køyr på Rv550 til Jondal. Frå Jondal sentrum kan du køyra opp til breen på ein privat bomveg, til eit sommarskisenter! På Fonna Glacier Ski Resort kan ein nyta sommaren på ski. Her kan ein også bli med på guida breturar med Folgefonna Breførarlag.